Hva heter du og hvor gammel er du?
Eg heiter Helene Olli Sollid, og er 60 år.
Hvor i landet holder du til?
Holsnøy, Alver kommune
Kan du fortelle oss litt om din gård og hva som inspirerte deg til å drive med lokalmat?
Garden min er eit lite vestlandsbruk, og eg driv garden som på 1950-talet. Eg er dedikert sauebonde, og har omlag 50 vinterfora gamalnorsk sau. Eg er veldig interessert i rasa og i avl. Eg har no 18 avlsverar som eg leiger ut til andre bønder, og tjener godt på det. Eg elskar sauene mine, og handsamar dei som dei individa dei er. Alle har namn, og dei fleste har lært namnet sitt før dei er eit år. Nokre veit og kva dei andre heiter. Eg jobbar mykje med ull, og avlar på ullkvalitet.
Garden min ligg i enden av blindveg og eg har ikkje veg heilt fram. Eg elskar å vere for meg sjølv, og ikkje sjå naboar. Samstundes er eg veldig glad i naboane mine. Eg er veldig oppteken av å bruke heile dyret. Eg tak att alle slakt frå Fatland Ølen slakteri, og sel alt kjøt privat. Til no har eg berre laga pinnekjøt og fenalår, men no har eg bygd ny driftsbygning, eit kjempestort grindbygg i tre etasjar, og der er det både festsal med kjøken og produksjonskjøken. Dette kan de sjekke ut her på vår nettside, og på Instagram.
Snart kan eg byrje å lage pølse, og haggis. Eg lagar elles økologisk hundegodteri som går som hakka møkk! Eg har og nytt røykeri, så det er artig. Eg har lang strandlinje til Storavatnet og fiskar mykje. Eg sel både fersk og frosen fisk, også røykt og varmrøykt. Eg produserer hasselnøtter og haustar sopp og anna frå skogen, som eg har freda storparten av (Gripaklatten naturreservat).
Eg er ein workaholic, og held på heile tida. I 2017 tok eg over ein gard med 70 års etterslep, no har eg restaurert alle hus; smie, eldhus frå 1500-talet, bustadhus og grunnmurane til den gamle løa og har bygd ny løe på dei gamle murane. Pressa inn ein ekstra etasje, for nye aktivitetar. Så har eg bygd garasje, to utleigehytter og stor lavvo til utleige på ei lita øy eg eig.
Eg driv med sirkulærøkonomi i praksis, og det er noko eg verkeleg brann for. Nesten all material kjem frå eigen skog, saga heime, eller det brukta materialar. Då eg bygde garasje, var det einaste eg kjøpte nytt sutaket! Hytter og lavvo er kjøpt brukt, alle vindauge , dører, kjøkeninnreiing, bord, stolar, vaskar, blandebatteri, wc og maskiner. Omlag alt er brukt før. Som sagt, dette brenn eg for!
I tillegg til gardsdrifta, driv eg med berekraftig reiseliv, kurs i gamle handverk, events og utleige av lokalar. Garden er Debiosertifisert, og reiselivet og lokalane er sertifiserte gjennom merkeordninga Hanen. Sertifisert tilbydar av økoreiser og festlokalar, altså. Jo, også driv eg tre andre gardar og…
Hvor lenge har du drevet med lokalmat?
5 år
Fortell litt om deg selv og hvorfor du har valgt å jobbe med lokalmat?
Viktat at heile dyret vert brukt. Viktig at me brukar beitedyr til kjøt, at gras og planter me ikkje kan nyttegjere oss vert omdanna til kjøt via beiting. Eg synest og det er godt å vere så sjølvforsynt som møyleg, både her heime og i landet.
Hva produserer du på gården og hvor stor er din drift?
Det her eg vel alt svart på. Eg produserar og grønsaker og bær i sesongen, pluss egg. Alt økologisk. Eg tek ut skog til byggjing på garden, men største delen av skogen har eg freda.
Hvorfor er lokalmat viktig for deg?
Det er kortreist, berekraftig i meininga naturvenleg, viktig for bygdeNoreg, og gjer mat meir interessant og spennande. Meir merksemd til bønder.
Som bonde kan man møte på utfordringer. Hvilke utfordringer har du møtt på og hvordan har du overvunnet dem?
Tja, det er ein evig kamp med lønsmed og økonomi. Eg jobbar kvar dag heile året, får ikkje sjukepengar i tilfelle eg vert sjuk eller må på sjukehus, det er svært utfordrande. Eg har ikkje råd å vere sjuk, og vert det så sjuk at eg må ha hjelp, må eg bruke sparepengane mine. Eg har difor eit heilt anna tilhøve til staten enn vanlege lønsmottakarar. Eg må klare meg sjølv. Og det har eg fått prøve, eg har hatt 7 kneoperasjonar, dei eg har hatt etter eg vart bonde har eg ikkje fått støtte frå staten, Null sjukepengar. Det er noko å tenkje på for framtidige generasjonar bønder. Eg kan drive slik fordi det er berre meg, ungane er vaksne og eg har ikkje mann eller liknande (må ein vel seie no for tida).
Kan du dele en spesiell suksesshistorie eller et stolt øyeblikk du har hatt som bonde?
Eg fekk 1 million i tilskot frå IN då eg bygde den store grindløa mi. Eg klarteå kome i mål med prosjektet, og eg er veldig stolt av løa. Mesteparten av arbeidet er gjort av meg og mine frivillige. Eg er nemleg vertsgard for WWOOF. Dessutan er eg svært nevenyttig, slik bønder må vere.
Hvordan ser du for deg utviklingen av gården din i fremtiden?
Eg vonar eg finn nokon som vil overta som vil drive omlag som meg. Er mest redd for at garfden skal verte seld til byfolk som vil ha det til hytte. For tida eg har att å drive garden er eg skikkeleg optimist. Den nye løa skal verte ei pengemaskn. 🙂
Så må vi selvsagt høre med deg, hva er det beste redskapet eller utstyret du har på jobb?
Krafse! Som gardbrukar på vestlandet må du drenere og drenere og drenere. No har eg grøfta nokpo heilt kolossalt mykje, eg er vorte reine eksperten. Eg og krafsa. For å jo, her grøftar me for hand. Me brukar sjølvsagt spade og fyllhakke og spett, men krafse, det er uunverleg!
Har du implementert noen rutiner, maskiner eller praksiser som har økt din effektivitet?
Nei, eg jobbar berre heile tida. Åjo, eg har rekneskapsførar. Det sparar meg for mykje elende. Det er dyrt, men verd det!
Hvis du kunne bestemme, er det noe du ville ha endret på i dagens matsystem?
Å herre, for eit spørsmål! Eg vil endre på omlag alt! Det viktigaste er at belønningssystemet må endrast. Fleire rettigheiter til bønder. Når dei vert sjuke, td.
Lokalmat er stort sett en fulltids livsstil, men har du en annen hobby på si?
Hehe, eg styrar på med alt eg veit du. Eg elskar å byggje og restaurere, skape og reparere. Eg jobbar med ull kvar dag, eg er ei «crazy sheep lady», og eg elskar verane mine. Eg har noko eg kallar kvalitetstid med sauene. Men eg brukar å seie at spikking er hobbyen min, sjølv om eg nesten aldri har tid…
Har du en fun-fact om gården eller produktene deres?
Alle verane lærar å «susse mamsen».
Til slutt, har du et tips eller noe på hjerte som du ønsker å dele?
Sirkulærøkonomi i praksis (som i ikkje berre snakk!). Norsk ull! Og gamalnorsk sau.